hits

Allergivår - og sommar!



Vi ser fram i lysare tider no, og det same gjer resten av naturen. Or, hassel og selje har allereie pollenet klar. Med vår og sommar kjem også pollenallergien for veldig mange nordmenn. Snufsing, nysing, kløe i augene, tung i pusten og trøyttheit er vanlege symptom. Medisinen har mange effektive våpen for å dempe desse symptoma, som nasespray, tablettar, augedråpar og inhalasjonar. Felles for dei er likevel at dei ikkje gjer kroppen mindre allergisk, men lindrar så lenge du brukar medisinane rett. Mange brukar medisinane sine feil, så ein god gjennomgang med legen eller på apoteket kan vere å anbefale. Allergiar mot f.eks katt, hund eller matvarer kan kontrollerast godt med å unngå det ein reagerar på, verre er det med pollen frå lufta. Det kjem seg inn i hus og bil, og når våren fyrst kjem så vil vi helst vere ute å nyte sol og livet som spirar og gror.

Norges Astma og allergiforbund har gode nettsider med råd og hjelpemiddel for å begrense eksponeringa, kik inn der om du vil, www.naaf.no. Dei har blant anna pollen-nett som kan redusere pollen som kjem seg inn gjennom vindauger i soverommet.

Du kan og sette opp ditt eige pollenvarsel her: http://www.pollenvarslingen.no/forsiden/varsel.aspx

Gode doser C-vitamin styrkar immunsystemet og kan ha ein dempande effekt på allergisymptom.

Erfaringar viser også at dersom ein går inn for ei lettare fasteperiode (3-7 dagar) så kan dette gi ein lettare allergisesong. Forklaringa er kanskje at kroppen ikkje då blir tilført andre forstyrrande stoff og immunsystemet får tid å roe ned på.

Stress påverkar immunsystemet vårt og for ein del ser vi forverring av pollenallergi om stressnivået er høgt.

Kinesisk medisin er ein gamal medisin, ingen var klar over pollenallergi for 2-3000 år sidan, dette er nyare viten. Dei såg likevel at folk reagerte og ikkje minst at mange av symptoma likna veldig på kraftige forkjølingar og infeksjonar i lunge og luftvegar. Dei fekk tidleg forståelsen av at det var immunsystemet som ikkje var heilt i lage, men dei beskreiv problema som invasjon av vind-kulde eller vind-hete, alt ettersom symptoma. I dag brukar vi gjerne namn som allergisk rhinitt  osv. Dei var likevel ikkje så langt frå sannheita; pollenallergi er ein invasjon frå lufta og gjev irriterande symptom. Ved akupunktur er målet alltid å gjere noko med rota til plagene (Ben) og symptoma det gjev (Biao). Å fjerne pollen er ei umogeleg oppgåve, men å få immunforsvaret til å slutte å overreagere på pollen som blir pusta inn kan vi klare. Det krev behandling over litt tid å kome i mål, men pasienten skal ganske så umiddelbart etter behandling (eller under) kjenne reduksjon i symptoma sine og ein auke i energinivået sitt.  Slik målretta behandling kan også kombinerast med lokalt dempande medisinar om det er behov for det over ei periode. Eventuell nedtrapping av faste allergimedisinar skal kun skje i dialog med legen din.

Forskning gjort på akupunktur viser at den har ein rekkje effektar på immunsystemet og regulering av det. Vi ser blant anna i studiar at akupunktur gjev lavare produksjon av antistoff mot allergenar, og dermed minder symptom og plager for pasienten. http://www.evidencebasedacupuncture.org/allergic-rhinitis/

Berte Holstad Engen, akupunktør, Medlem Akupunkturforeningen

Mail: berte@alesundsklinikken.no

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar