hits

Stressa og dårlig søvn?

 

  
 

Fire viktige faktorar dannar grunnlaget for god helse; søvn, bevegelse/ trening, ernæring og å ta vare på oss sjølve mentalt og emosjonelt. Desse fire er som stolbeina på ein stol. Stolen står stødig og tåler mykje med alle fire inntakt.  Blir eitt av beina svekka vil det hjelpe lite å styrke dei tre andre, stolen er og forblir ustødig. Yangsheng - å nære livet (og helsa) byggjer på kunnskapen om desse faktorane. I denne artikkelen vil det handle om søvn.

I kinesisk medisin ser vi på søvn som «yin»-tid. Det vil seie tida der vi skal kvile, nære, fukte, smøre, rense og reparere kropp og sinn. Ny forskning viser at dette bokstaveleg tala faktisk skjer! Lymfesystemet vårt går ikkje innom hjerna og kan difor ikkje ta med seg avfallsstoffa derifrå. Hjerna vår ligg i ein pose med væske. Når vi sovnar krympar dei mange milliardar støttecellene i hjerna slik at blodåresystemet kan skylle denne væska gjennom hjerna utan særleg motstand. Avfallsstoffa blir svosja ut og tilbake har vi ei rein hjerne, klar for å sørve oss når vi vaknar. Fabelaktig ordning! Dag er yang og synonymt med aktivitet, produktivitet og bevisttheit. Yin og yang skal ha ein balanse mellom seg. Yin og yang, søvn og våkentid.

Yin-tida vår er i dag under sterkt press frå ein moderne livsstil og fleir og fleir av oss slit med søvnen vår. Vi aukar vår yangtid og skal helst multitaske store delar av tida vi er våkne. Vi betalar ein ganske høg pris for dette, høgare enn mange er klar over.  Lista er lang, med høgt blodtrykk, hjerte-karsjukdomar, auke i betennelsestilstandar, nedsatt testosteronproduksjon og vektauke som kjedelege biverknader av dårlig og lite søvn. 

Vektauke sa du? Ja; både søvn og mat er faktorar som styrkar og nærar yin. Får vi for lite av den eine faktoren (søvn) så vil vi ha auka sug etter den andre (mat). Kroppen prøvar å halde balansen, og gjer det den kan for å ikkje kome i underskudd på yin. Nyare forskning bekreftar desse samanhengane og folk som søv lite og dårlig fyser meir på kaloririk mat og legg lettare på seg.

I England viser undersøkingar at hovedårsak til søvnplager er «a racing mind», det vil seie for mykje tankevirksomheit og stresstankar. Ei årsak som eg trur vi nordmenn også er ramma av.  Trøysta kan kanskje vere at dette ikkje er noko nytt problem, allereie i tidlege nedskrivingar i kinesisk medisin blei det påpeika som årsak til søvnplager, og fekk fokus i behandling av søvnvanskar.

"Before going to sleep, first the mind must become calm and then the eyes" Cai Jitong, Song Dynastiet.

Natur og frisk luft, avspenningsteknikkar, meditasjon, yoga, tai chi og qi gong er kjelder til tankero og betre søvn. Søvnsenteret i Bergen har fine nettsider med enkle teknikkar du kan prøve sjølv: https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno/avslapningsovelser

Vår digitale kvardag har gitt oss ei ekstra utfordring når det kjem til søvn. Vårt søvnhormon, melatonin, skal vi ha mykje av om natta. Det gjer oss trøytte og får oss inn i draumeverda. Lyset frå skjermane våre ser ut til å forstyrre denne produksjonen og gjere at vi ikkje søv så godt.  Melatonin kan skrivast ut av lege. Dei fleste landa rundt oss har dette over vanleg disk, som eit tilskudd, og mange kjøper med seg melatonin ved utenlandsopphald. Det er imidlertid forskjellige typar melatonin og det må brukast på rett måte for å evt. ha effekt. Så her skal ein vere obs!

Moreller, kirsebær, valnøtter, mandlar, havre og mais inneheld melatonin og kan med fordel vere ein del av kosthaldet vårt.  Tryptofan er ei aminosyre som ved hjelp av kalsium kan omdannast til melatonin i kroppen vår. Melk, havregraut, nøtter og gresk yoghurt er kilder til tryptofan.

Kaffi og andre stimulerande drikkar kan vere skjult årsak til søvnplager. Dei girar yang opp og du får eit ekstra puff i ein travel kvardag. Freistande for å «halde koken», men skjebnesvangert for søvnen din. Toleransegrensa er veldig individuell, men kaffi og energidrikkar etter kl. 12 på dagen kan for somme faktisk vere nok til at dei ikkje sovnar på kvelden. Her må du prøve deg fram.  

Te med urter som kamille, legevendelrot, humle, melisse og lavendel er mykje brukt for søvnplager. Å roe ned med ein kopp te på kvelden kan vere ein fin inngang til natta.

For mange som har kome inn i eit dårleg søvnmønster så er tankane og redselen for å ikkje få sove den største fienden. Kognitiv terapi der vi jobbar med å snu dårlege tankemønster kan vere fint her. Vi skal også vere klar over at depresjon er ein viktig årsak til søvnproblem. Ei god utredning om søvnproblema er viktig.

Det kan vere greitt å vite at søvnbehovet varierar frå person til person. Så du skal ikkje telle antal timar, men sjå på kor utkvilt du er på dagtid. Kanskje er du en som tåler godt færre timar enn andre? Har du over tid hatt fleire døgn med lite søvn så er vi så smart innretta at når vi først sovnar så søv i tilsvarande djupare og på den måten «tek litt igjen» det tapte. Alle sovnar til slutt, ikkje sjekk klokka på natta, det stressar deg berre ytterlegare.  Du får utfyllande gode råd  og kunnskap her: https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno

I Kina og Asia er akupunktur mykje nytta ved søvnplager. Fleire studiar viser at akupunktur har effekt på melatoninnivået vårt, og på å redusere stresshormona våre.  Dette er kanskje noko av grunnen til effekta på søvn.  Eg var sjølv med å behandle slike plager under mitt opphald på Zhong Da Hospital i Nanjing i 2006 og ser det ofte i klinikken til kvardags. Det er mange årsaker til søvnplager og for ein akupunktør er det særs viktig å kartlegge dette og korleis søvnplagene er for den enkelte.  Det vil bestemme behandlingsstrategi og ikkje minst kva råd som vil vere viktige å gi til pasienten. Her kan inga «kokebok-oppskrift»  i akupunktur nyttast. Ei gruppe eg vil framheve er kvinner i overgangsalderen som søv dårlig. Dei har ofte svært god effekt av akupunktur.  Reduksjon i hetetokter, hjertebank og andre plager blir med som ein del av forbetringa vi klarer å gi, ved å nytte oss av eldgamal kunnskap i kombinasjon med nyare viten.

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar