hits

Hetetokter etter bryskreft?





Brystkreft er den forma for kreft som rammar flest kvinner. Ei alvorleg diagnose, men med stadig betre prognosar for overlevelse. Behandlinga er kirurgi, cellegift og stråling.  I dei mest hektiske månadane med behandling, oppfølging og prøvetaking så ser alle framover og gleda er stor når behandlingsregimet er unnagjort! Ingen blir friskmelde før det har gått fleire år og angsten for testane og sjekkane som ligg framføre må ein leve med.

For ei gruppe av brystkreftpasientar må det også inn ny behandling som skal vare i minst 5 år; antiøstrogenbehandling. Denne vil for mange medføre ein (ny) overgangsalder med bl.a hetetokter, slimhinneendringar, søvnvanskar og nattesvette. Leddplager er også hyppig involvert som ein del av biverknadane. For mange er dette ein ny nedtur som gjer det vanskeleg å fungere godt. Å kome seg ut i det sosiale liv igjen og på jobb kan vere vanskeleg for mange. Kreftlegane frarådar bruk av tilskudd, urter og helsekostpreparat for denne pasientgruppa. Dei vil vere heilt sikre på at østrogennivåa blir haldne så lave som mogleg. Dette er viktig å følgje opp fordi høge nivå av østrogen aukar faren for tilbakefall av brystkreft. Alternativet for mange blir steroidar og anitdepressiva som gir ei rekkje uønska biverknader som vektauke, kvalme, forstoppelse og trøttheit.

Akupunkturstudiar både ved Henry Ford Hospital i Detroit og ved Sjukehuset i Vestfold gjev håp for desse kvinnene. Akupunktør Jill Hervik har denne forskninga som eit ledd i sin doktorgrad. Resultata av studiane var klare: reduksjon av hetetokter og nattesvette blei halvert og gav betre resultat enn for kvinnene som blei behandla med konvensjonelle metodar. Dette er særs gledeleg sidan akupunktur ikkje gir fare for å auke østrogennivå samtidig. Andre biverknader som kvalme, søvnproblem og svimmelheit blei også målt. Pasientgruppa som fekk akupunktur hadde også klar reduksjon i desse plagene. I tillegg blei det rapportert klar bedring i livskvalitet . 

Professor Eleanor M.Walker som leia Detroitstudia var svært overraska over desse funna. Vi forventa at akupunkturen skulle hjelpe mot hetetokter, då tidlegare studiar har vist gode resultat. Men at pasientane skulle få meir energi og at dei følte seg mykje betre, det forventa vi ikkje.

Den norske studia har hatt oppfølgingsstudiar som viser at effekta også vedvarer i månader etter endt behandling. Mi erfaring er at dette stemmer godt. Ved start på akupunktur må vi ha jamnlege behandlingar men så snart betring har etablert seg kan eg trappe ned behandlingsfrekvensen gradvis.

Det har også vore gjort nokre små akupunkturstudiar ved behandling av prostatakreft. Nokon av desse pasientane må også ta antiøstrogenbehandling og får mykje av same plagene som kvinnene. Desse studiane er særs lovande og akupunktur er eit trygt alternativ for også denne gruppa.

Ved akupunkturbehandling blir tynne nåler sett i punkt på armar, bein, rygg, mage. For kvinner med lymfeødem i arm så set ein ikkje akupunkturnåler i denne arma ved behandling. 

 



 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar