hits

Yangsheng - å nære livet



Ein av mine mest inspirerande lærarar i kinesisk medisin, Peter Deadman, har forfatta boka Lev vel, lev lenge. Den tek føre seg den enorme kunnskapsbanken kinesisk kultur og medisin har i å nære livet (yangsheng), og helsa. Den knyter kunnskapen opp mot vår moderne tid, og kva forskninga i dag seier om dette emnet. Ikkje overraskande får den gamle kunnskapen stadig moderne vitenskapeleg bevis for sine råd og standpunkt.

Alle ynskjer å leve godt, og då også leve lenge, men kva bestemmer korleis det blir?  Den over 2500 år gamle læra trekkjer fram tre viktige faktorar; konstitusjon - vår genetiske arv, flaks eller uflaks og korleis vi sjølve ter oss gjennom livet.

Vår genetiske arv er det lite vi kan gjere med sjølve. Vi kan sjølvsagt irritere oss over kva vi har fått utdelt. Det ser likevel ut til at den irritasjon ikkje gjer noko frå eller til. Det spennande er at nyare viten viser at genmaterialet vårt faktisk ikkje er heilt satt, som vi før har trudd. Det skjer endringar i genane vår gjennom livet,men ikkje nok til at du kan få krølla hår eller knallblå auger om det stod høgst på lista.

Så har vi flaks og uflaks, ingenting å gjere med, men som i aller høgste grad kan bestemme mykje i livet vårt. Alt frå den genetiske arven vi har fått, til kvar vi er til ei kvar tid, kan få dramatiske følgjer for oss. På godt og vondt. Per Fugelli minner oss stadig på at vi som nordmenn dagleg bør vere takknemlege fordi vi har vunne i Lotto; å bo i eit sivilisert land med moglegheiter for å ta valg basert på eigne ynskjer og draumar er det svært svært få av jordas innbyggjarar som kan. Carpe Diem - grip dagen, den moglegheita har vi her i det kalde Norge.

Så kjem vi endeleg til den faktor som VI faktisk kan gjere mykje med, vår livsstil, kva valg vi tek gjennom livet. I mange tilfeller så kan denne faktoren vege opp mykje ein dårlig arv, eller uflaks vi har hatt. Evolusjonen har gjort oss svært tilpasningsdyktige og vi «rular» no verda meir enn nokon gong. Når eg likevel ser på kva vi i vår del av verda slit med av helseplager så har vi fjerna oss langt frå der vi står i evolusjonen. Vi har dei siste hundreåra fått all verdens moglegheiter til svært lange og friske liv, men vi vel meir eller mindre å påføre oss livsstilssjukdommar som kortar det ned, gir oss unødvendig lidelsar og sjukdom.... kor smarte er vi eigentleg? Skulle genmaterialet vårt har følgt vår utvikling i levesett så kunne homo sapiens, mennesket, sett slik ut i slutten av 2016; eit velutvikla og stort hovud, plassert på ein minimal kropp. Ja, for teknologien fiksar alt det tunge arbeidet for oss, stort sett. Nokre eminente og hyperraske fingrar på ei hand utan moglegheit for utvikling av musearm hadde vore sjølvsagt, og elles eit praktis plassert kjønnsorgan (vi må no tenkje både forplantning og effektivitet samtidig her). Feittcellene har blitt «vekkevolusjonert», vi har gode nok kle, og overvekt  fjerna frå diagnoselista vår. For å toppe det heile hadde det vore smeis å ha celler som takla godt sukker og eit blodårenett som ikkje under nokon omstendigheiter klussa eller tetta seg til. Ei slik oppgradering (?) hadde stått betre i stil med  gjennomsnittsnordmannen i 2016 enn den huleboaren vi faktisk fortsatt (genetisk) er.

Eg finn det derfor veldig trygt, godt og fint å kunne gå tilbake til dei rike kjeldene for kunnskap om korleis vi nærar livet vårt, all den tid eg fortsatt er ein huleboar.

Sun Simiao seier det slik; «ta ikkje god helse for gitt, på samme måte som ein ikkje skal gløyme farer i fredstid, bør ein prøve å forebygge før sjukdom er eit faktum.»

Grunnpilarane for god helse i følgje tekstane er å ta vare på si psykiske helse, sørge for god ernæring, vere i aktivitet og få god og fredfull søvn. Ganske opplagt, men likevel imponerande at kinesarane , fleire tusen år før oss, såg det viktige i å nære og styrke den psykiske helsa. Desse fire momenta er som fire stolbein på ein stol. Er dei heile og sterke står stolen støtt. Tek vi bort eller svekkjer eitt eller fleire bein så vaklar stolen.  

Dei fire stolbeina vil eg skrive meir om, kvar for seg. Dei fortenar den oppmerksomheita. Dei legg grunnlaget for å nære livet.

"Three part medicine, seven parts nurturing health. Skill in treating is not as good as skill in nurturing health" (Chinese saying).

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar