hits

Fødselsforberedende akupunktur - modningsakupunktur.

Mykje av kunnskapen vi har i akupunktur kjem frå Kina, men når det gjeld såkalla  modningsakupunktur så er det legar, gynekologar og jordmødre i Europa og Australia som har vore pionerar.

På 1970-talet var det nokre gynekologar i Østerrike  som ynskte å sjå om akupunktur før fødsel kunne gjere ei positiv forskjell for den fødande. Dei hadde brukt akupunktur under svangerskap og i fødsel på  sine klinikkar, og hadde erfaringar som tilsa at her var det noko å hente.  Fordi akupunktur under sjølve fødselen kan vere praktis vanskeleg så lurte dei på om akupunktur i forkant av fødsel kunne vere tingen.  Dei utførte studiar som viste  at kvinner som fekk akupunktur i vekene før fødsel hadde i gjennomsnitt to timar kortare fødslar enn kontrollgruppa utan akupunktur.

Desse studiane skapte stor interesse for temaet og det har seinare kome til fleire studiar.  Det er vist at akupunkturbehandlinga forkortar  lengda på åpningsfasen ved at  åpning av mormunnen går raskare. Vidare fører det blant anna til meir effektive rier, mindre smerter, mindre bruk av smertelindrande medikamenter, ein roligare fødsel, og fleire spontane fødsler.  Keisarsnitt og bruk av tang eller vakum gjekk også litt ned i desse studiane (6-7 %).  

Fokus på overtid og igangsetting av fødslar gjorde at ein ved sjukehuset i Østfold gjennomførte eit større prosjekt med modningsakupunktur. Også her var resultata veldig bra: av dei som fekk akupunktur var det berre to av ti som gjekk over termin, mens i gruppa utan akupunktur  var det fem av ti. Jordmor Else Skilnand uttalte i etterkant at dette burde alle gravide få tilbud om sidan det var så mykje positivt å hente, utan biverknader for mor og barn.

Modningsakupunktur blir starta opp rundt veke 36, ei behandling i veka. Nålene blir satt hovedsakleg i klassiske akupunkturpunkt på armar, bein, mage og rygg.

Mange gir også tilbakemelding om betre søvn, mindre bekkensmerter, mindre hevelsar og generelt betre form dei siste vekene fram mot fødsel. Ein del gravide gruar seg også veldig til fødsel. Det kan bl.a  vere tidlegare fødslar som har vore vanskelege, tunge svangerskap med lite energi, frykt for smertene  som gjev grunn for frykt og angst. Denne gruppa kan ha ekstra god nytte av akupunktur i forkant av fødsel. Fokuset blir på forberedelse til fødsel, men med tillegg på å gi god avspenning og betre søvn. Denne gruppa får god og ekstra oppfølging av jordmor/lege, noko som er særs viktig for ein god fødsel. Eg samarbeider med jordmor/lege og er underlagt dei retningslinjene dei gjev.

Det er viktig med god akupunkturkompetanse for å gi modningsakupunktur. Mange ute i felten har kun korte kurs i akupunktur og tittelen akupunktør er ikkje beskytta. Så kven som helst kan kalle seg akupunktør i dag. 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar