hits

Når knea hyler!

Image result for akupunktur bilder

Arthrose er det same som at brusken i leddet gradvis blir brutt ned, og sågar kan forsvinne heilt. Risikoen for slik slitasje aukar naturleg nok ved aukande alder men overvekt, tidlegare skader og/eller genetikk kan også ha sitt å seie.

Astrid er en pasient av meg som har denne diagnosa. Symptoma hennar er typiske med smerter når ho skal begynne å bevege seg,  stivheit på morgenen og hevelse.  Astrid har alltid vore ei aktiv dame og opplever knea som veldig hemmande for henne i kvardagen. Undersøkelse viste slitasje men ikkje nok til at det blir vurdert operasjon.  På grunn av plagene blei Astrid meir passiv og gjekk også opp i vekt. Noko som igjen auka belastning og smertebiletet hennar. Med andre ord, ein vond sirkel!

Det finnast pr i dag ingen kur for arthrose men der er tiltak som kan redusere smerte og plager. Moderat, regelmessig trening er viktig. Astrid er ikkje så glad i å trene men ved å organisere sykkelen framfor TVen og å fokusere på at dette var alternativet til medisin så gjekk det betre. «Sykkelnyheitene» blei innført tre dagar i veka. Får ho anledning til å gå på symjing så prioriterar ho dette høgt, for det likar ho betre. Symjing er topp for slike kne.

Capsaicin-gele kan redusere smerten kortvarig og vi avtalte at ho skulle bruke dette i begynnelsen slik at ho kom i gong med sykling, og kanskje også nokre spaserturar i løpet av veka.

Det finnast også preparat som inneheld chondroitin og glucosamin. Ein del rapporterar at dei får hjelp av dette, andre ikkje. Det er blant anna ganske vanleg behandling for slitasje hjå dyr som f.eks hund og hest. Astrid hadde prøvd dette ei lita stund utan resultat. Kanskje hadde ho prøvd det i for kort periode, men vi lot den ballen ligge inntil vi såg korleis akupunkturen funka for henne.

Ho hadde fått utskreve Naproxen av legen sin men det tålte magen dårlig. Då er det veldig bra at vi har studiar som viser at akupunktur har tilsvarande eller betre effekt på slike kroniske smerter enn NSAIDS, som Naproxen er i gruppe med.  Vi starta derfor opp med akupunkturen og brukte her lokale nåler, moxa på nokon av nålene (varme nåler) og også nåler ellers i armar og bein utfrå den kinesiske akupunturen sine behandlingsprinsipp. Det gir best resultat.

Det fyrste Astrid merka var at hevelsen gjekk ned og at morgonane  gjekk betre. Etterkvart har smertene avtatt og Astrid har ein nesten smertefri kvardag. Vi har trappa ned behandlingsfrekvens og ho kjem no ca ein gong i månaden for vedlikehald.  Vekta er noko redusert og vi håpar på enndå litt meir vektnedgong framover våren.  Styrketreningsprogram er no på trappene og dette vil også vere eit viktig tiltak.  Astrid er fornøgd med tingenes tilstand og karakteriserar forbetringa som «kjempemessig».

Det viktigaste du kan gjere sjølv for slike plager er moderat trening som å sykle, symje, gå og godt tilpassa styrketrening. Ver aktiv! Avlastande tiltak som støtdempande såler, kileforma innlegg under hælen eller ortoser (avlastande skinner) kan vere nyttige. Må du operere så er røykeslutt ei stund før inngrepet lurt, det minskar faren for komplikasjon.

Ynskjer du akupunktur så sørg for at akupunktøren har grundig utdanning. Du finn desse på www.akupunktur.no

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar