hits

Når alt heng i hop!

 

(Mykje av teksta i dei øverste avsnitta er henta frå boka "de tre skatter" av Anne Christine Hågensen) - ei bok eg sterkt anbefalar å lese!

Hippokrates er kjent som legekunstens far. Han var ein av dei første i Europa som klassifiserte sjukdomar og ordinerte individuell behandling. Han skilde medisinsk kunnskap frå religion og overtru og bana vei for vitenskapeleg forskning.  Samtidig som han var ein pioner innan legevitenskapen  kan hans tilnærming til helse samanliknast med mykje av det som i dag blir omfatta som alternativ medisin. Det var for han vel så viktig å forstå pasienten som å forstå sjukdomen. I tillegg hadde han tillitt til at naturen visste best, og at mennesket kan hele seg sjølv dersom forholda blir lagt til rette for det.

Vestlig medisin har heilt frå Aristoteles tid hatt eit reduksjonistisk syn der vi deler opp mennesket i sine enkelte delar meir enn vi ser på heile mennesket. Descartes som levde nærare 2000 år etter Aristoteles vart ein svært viktig mann for den vidare utviklinga av det vi i dag kallar skulemedisinen og dens vitenskaplege metodar. Han uttalte: «det er ingenting i kroppen som tilhøyrer sjela, og ingenting i sjela som tilhøyrer kroppen». Kropp og sjel var adskilt og det som ikkje kunne bevisast måtte forkastast.

 Newtons mekanistiske syn på naturen og Lois Pasteurs oppdaging av  at mikroorganismar kunne vere årsak til sjukdom gav ny fart i utviklinga av skulemedisinen slik vi kjenner den i dag. Det har gitt oss fantastisk kunnskap og effektive behandlingar for mange lidingar. Tenk berre  på all detaljkunnskap som ligg bak ein hjartetransplantasjon! Men har vi også mista noko på veien her? I møte med pasientar kan eg absolutt oppleve det. Mennesket i stolen er så mykje meir enn mange delar skrudd saman.

Austleg medisin har hatt sitt fokus på balanse, heilheit og energi. I Austleg medisin er den fysiske kropp vevd nært saman med våre emosjonar og vår mentale tilstand. Der ligg ein djup forståelse i korleis vi reagerar på livets utfordringar og kva det kan gjere med vår helse.  

Magnus kom til meg med tre plager; kronisk sår hals, rusten stemme som stadig sprakk og eit kløande utslett på brystet.

Utredningar hadde vore gjort både hjå fastlegen, øyre-nase-halsspesialist og hudlege utan gode svar på plagene. Antibiotika hadde blitt gitt for halsen og salvar for huda. Halsen vart ikkje betre og huda blussa opp så snart han gløymde å smørje med krotisonkremen. Utslettet kan eg leve med seier han, men det er stemma mi som er grunnen til at eg vil ha hjelp. Eg er så glad i å synge og står i kor. Kan du hjelpe? 

Eg gjekk grundig til verks og spurte ut om alt mogleg, men Magnus var ein svært pigg pensjonist!  Plagene hadde vore der siste året men han hadde det fint elles i livet sitt. Kva med åra før då spurte eg vidare. Det viste seg at to år før plagene kom hadde han mista begge sine gamle foreldre med nokre månaders mellomrom. Det var veldig tøft og eg ynskjer ikkje å snakke om det seier han rett ut. Det var heller ikkje nødvendig for meg.

Ved å bruke eldgamal kunnskap frå Kina om kva uforløyst sorg kan gjere med helsa vår sette eg akupunkturpunkt med det som bakteppe. Magnus reagerte fint på behandlingane og stemmen blei seg sjølv igjen, sårheita i halsen gjekk bort. Han merka i tillegg at huda var betre og at han faktisk opplevde å ha meir pust på korøvingane. Magnus var fornøgd.

Dette eksempelet viser kor komplekst sjukdom og helse kan vere. At det som ser ut til å vere ein fysisk plage kan ha ein emosjonell årsak. Magnus hadde gleda av kunnskapen frå vest og aust; utredningar som utelukka alvorleg sjukdom og  behandling som styrka kroppen si eiga evne til å bli frisk.


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar