hits

Immunforsvar, haust og stadig småsjuke born.

 

Kvardagen har kome over oss og barnehagane er i full sving. Dei fleste foreldre er innstilt på at barnehagestart betyr snørr, gørr og fråversdagar frå jobb. Spesielt for dei  minste og dei heilt nye borna i barnehagane kan starten vere tøff.  Eit tett miljø med ymse bakteriar og virus i kombinasjon med uferdige immunforsvar er ei utfordring. Det året svineinfluensaen herja vart det innført spriting av hendene til både små og store i barnehagane. Mange opplevde at det vart ein haust/vinter med mykje mindre infeksjonar enn elles.  Virus og bakteriar er ekstremt tilpasningsdyktige og vedvarande spriting vil auke sjansen for at nye og resistente typar utviklar seg. Dette kappløpet vil vi ikkje vinne. Så kva kan vi gjere? Kva er best strategi? Vi må stimulere til gode immunforsvar som sjølv ryddar opp og uskadeleggjer inntrengjarane. Då er vi på rett veg. Generelle råd er:

·         Amming lengst mogleg gir auka beskyttelse mot infeksjonar

·         Veldig mange born kan få redusert slimdanning ved å redusere melkeprodukt, inkludert yoghurt. Prøv å ta ned inntaket i den perioda barnet er snørrete i allefall. Romtemperert vatn med nokre dråpar sitron er godt, friskt og slimløysande.

·         Røykfritt miljø heime og elles

·         Frys borna vil temperaturen synke og virus/bakteriar trivst betre, fram med ull, mange og gode skift i korgene og gode sko/støvlar.

·         Born kan gå med uoppdaga allergiar som gir irritasjon og hevelse i luftvegane.  Oppsøk lege for vurdering av allergiutredning

·         Sukker!! Studiar viser at ved inntak av sukker så vil ein del av dei viktige immuncellene våre rett og slett bli slått ut i fleire timar etter inntak. Då er kysten klar for sjukdomsframkallande mikrobar. Det er mykje skjult sukker ute å går i vanlege matvarer som f.eks yoghurt, juice, sylte, saft, kjeks og ketchup!

·         Stress  utløyser også immunsvekkande reaksjonar  på linje med sukker. Kan vi gjere kvardagen mindre stressfylt for dei små.

       Akupunktur har i fleire tusen år blitt brukt for å styrke immunforsvaret og er mykje nytta for å forebygge øyre-nase-halsinfeksjonar hjå born. Mange born taklar fint å få akupunktur. Dei ligg ikkje med nålene slik vaksne gjer, men vi set nålene inn, stimulerar og tek ut igjen. Hos litt eldre born let vi dei stå i nokre minutt før vi tek ut. Ved behandling av born brukar vi alltid få nåler.

       Eg har også gode erfaringar i å bruke spesifikke homeopatiske medisinar ved gjentatt øyreverk, urinvegsinfeksjonar og stadig sår hals og hoste hjå born.

           Tilskudd av tran eller Vit D3-dråpar styrkar immunforsvaret. Studiar antydar at sink, solhatt og c-vitaminar er med på å korte ned forkjølelseslengda.  

       Honning viser seg å vere betre å gi for hoste enn vanlege hostesafter. Men honning skal ikkje giast til born under 1 år!

Kvitløk er antiviralt og antibakterielt, så kvitløk i kosten er lurt!

Ein god tarmflora er viktig for immunforsvaret vårt. Stress, dårleg kosthald og gjentatte antibiotikakurar kan svekke floraen vår. Probiotika eller mat som er rik på melkesyrebakteriar er eit godt råd. 

·         Forskarar frå Tromsø har vore med på å utvinne stoff frå matvarer som verkar immunstyrkande; betaglukanar. Dei er med på å skjerpe førstelinjeforsvaret vårt mot mikrobar. Blir brukt både i oppdrettsnæring og i veterinærmedisinen. Dei siste åra har det vore på markedet tilpassa oss menneske. Også born kan innta betaglukanar.

Søvn og ro er eit kapittel for seg. Når vi blir sjuke er vi lave i energi. Vi treng ro og kvile; kroppen forbrukar enormt med krefter på å mobilisere immunforsvar og gjenopprette god balanse. Den produserar også feber for å effektivt drepe dei mikrobane som har kome inn. Virus og bakteriar trivst dårleg ved auka temperatur. Så feber er faktisk eit av våre beste våpen! Å la borna få ha det roleg rundt seg, sove det dei treng, jobbe seg gjennom feberen sin og gi dei rikeleg med drikke er er ein viktig del av resepten på å bli raskt frisk igjen.

                                

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar