hits

Nyttårsforsett, røykeslutt og akupunktur!

 

Januar er her og vi ser fram i lysare tider, sakte men sikkert. Nyttårforsetta er du kanskje godt i gong med å gjennomføre, eller har du litt irritert prøvd å gløyme lovnadane du gav deg sjølv for nokre dagar sidan?

Å slutte å røyke er vel eit av dei vanlegaste nyttårforsetta som er, men også av dei vanskelegaste. Dei færraste i Noreg veit at akupunktur kan brukast som hjelpemiddel, og at vi sågar har ei doktorgrad på emnet frå Universitetet i Oslo. Den viser at akupunktur kan vere til hjelp for dei som ynskjer å bli røykfrie. Det er også utført liknande studiar i utlandet, med same resultat. He Dong utførte eit praktisk forsøk der eine gruppa fekk akupunktur og den andre fekk narreakupunktur. Resultatet var at over ein tredjedel av dei som fekk akupunktur slutta å røyke, mens ingen i narregruppa slutta. Dei fekk ikkje annan behandling, rådgivning, nikotintyggis eller andre hjelpemiddel gjennom denne perioda. Blant dei som ikkje klarte å slutte heilt var der også ein markant nedgong i antall røyk om dagen, det er også eit mål i seg sjølv.

Korleis kan akupunktur vere til hjelp?

Akupunktur kan nedsette trongen etter nikotin, endre smaken på røyk, minske plager som hovudverk, rastlausheit, svetting, søvnvanskar og andre abstinenssymptom. Det går lettare å venne seg av med trongen til nikotin. Akupunkturen kan dempe plagene som følgjer røykeslutt, men fjernar ikkje vanane. Det er derfor enndå meir sjanse for å nå målet ved å gjere fleire tiltak samtidig. Finn ut av kva slag røykar du er. Er du ein stressrøykar som tenner opp når livet dreg seg til, eller tek du ein røyk når du synes du fortenar det? Røykjer du på jobb, heime eller berre på ein fest? Er det eit stort element av stress knytta opp mot røykinga så kan det vere smart å få lært avspenningsøvingar i tillegg. Å kartlegge kvar flaskehalsane er gjer det lettare å vere bevisst på dei, og gjere gode val i forkant. Røykedagbok er ikkje så dumt forslag, då får ein det svart på kvitt.

Mi erfaring er også at å bruke nikotinpreparat over ei periode saman med akupunkturen gjev større sjanse for å klare kneikene. Eg brukar også tid på å motivere, halde fokus på fordelane ved røykeslutt og følgje opp delmål. Klarer vi å få i gang auka fysisk aktivitet hos den enkelte i tillegg så stig forma, og velværet ved  å vere røykefri forsterkar seg. I begynnelsen set eg hyppige behandlingar, nokre gongar i veka, etterkvart sjeldnare og sjeldnare.

Å bruke akupunktur som hjelp for abstinensbehandling brer rundt seg i Norge, mykje brukt er NADA-akupunktur.  På fleire institusjonar får pasientar dette tilbodet, som eit ledd i avrusning og rehabilitering.

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar