hits

Tankar omkring det å vere utbrent...

 

 

Ein svært klok kollega av meg sa ein dag rundt lunsjbordet ; eg kan ikkje fordra at ordet utbrent blir brukt . Kvifor ville eg vite. Jau fordi det indikerar at det ikkje finst gnist igjen, at det er heilt svart og heilt utan liv, alt er brent opp. Eg har fundert litt over dette og  det er knasande godt sagt. Utslitt er eit betre og meir positivt ord.  Du ligg nede, men med kvile kan du reise deg igjen. Kanskje skulle vi bruke det ordet oftare? I avisene og sosiale media har det i seinare tid vore mange artiklar og intervju om temaet ? spesielt kvinner har det vore sett fokus på.  Forskning viser at både unge jenter og vaksne kvinner møter veggen av alle krava dei skal oppfylle. Dei er rett og slett for flinke (?).

 Kinesisk medisin er, først og fremst,  fundert på tanken om forebygging av sjukdom og kultivering av helsa vår, i tillegg til å behandle når sjukdom oppstår.  Balansen, den gyldne middelvei, er sjølve berebjelken i denne måten å tenke på. Alle har vi høyrt om yin og yang. Uttrykk som for dei fleste er fjerne og diffuse. Eg vil gjere det enkelt; yang er all aktivitet vi kan utføre, både tankar, følelsar og fysisk aktivitet. Yin er den næring som skal til for å utføre aktiviteten.

Enndå enklare; yang er motoren som får bilen til å bevege seg, yin er bensinen, olja og alt anna motoren treng for å gjere dette.  Yang er dag og aktivitet, yin er natt og ro. For å halde balansen (god helse) treng vi balanse mellom desse. Sjå berre på idrettsutøvarane; dei trenar hardt og utfører nesten umenneskelege treningsdoser, men ingen av dei får framgang om ikkje dei spis og søv i same stil. Juksar dei med restitusjonen så kjem sjukdom og skader raskt.  

Så kunsten er å finne sin eigen balanse mellom aktivitet og ro. Historisk så fekk vi den store utfordringa då elektrisiteten kom. Då kunne vi plutselig styre døgnet vårt meir, og ikkje minst halde på lyset langt ut i dei mørke timane.  Lyset er yang og aukar vår aktivitet, yin og ro kom under press. Denne overgangen til elektrisitet gjekk nok i grunnen bra. Folk hadde i dei tider harde fysiske yrker og måtte nok finne senga rimeleg tidleg likevel, i allefall til kvardags. Utviklinga har deretter vore enorm og det vi ser i dag er eit samfunn som nesten alltid er våkent og på. Kjem du til New York så er det faktisk på heile tida, her på vår øy har vi nokre stille nattestimar, enndå. Sosiale mediar er siste skotet på stammen og der kan du absolutt vere påkobla heile tida. Facebook, Insta og alle dei andre søv aldri. Det finnast i dag dataspel som gir lyd frå seg med jamne mellomrom om ikkje poden har spelt i det siste ? berre for å minne han om at det er på tide å ta opp spelekonsollen igjen og skaffe seg nye poeng.

Alt dette set vår indre balanse mellom aktivitet og ro, yang og yin, under eit enormt press. Vi skvisar den tida kroppen og sinnet vårt skulle ha til reparasjon, smøring, næring og bearbeiding. Og for ein del endar det med ein større kollaps. Kva er typisk då? Jau at kroppen krev totalt ro, minst mogleg inntrykk. Å få oppgåver på jobb eller heime kan vere som å få beskjed om å bestige Mount Everest. Så umogleg kjennes det ut.  RO blir det skreve på reseptblokka, kanskje i kombinasjon med sovemedisinar og/eller antidepressiva.

Eg ser ein del pasientar i denne gruppa, og den er aukande. Ikkje alle er totalt utstlitte, men mange på god veg.  Meir eller mindre diffuse symptom, ofte i kombinasjon med dårleg søvn er ganske vanleg å sjå. Akupunktur har ein god dokumentert effekt på smerter og stressrelaterte plager. Den er mitt førstevalg her, eg må roe yang, og styrke yin, så enkelt (?) er det. Men enkelt er det ikkje.

Svært mange er overlykkkelige over å ha sove godt etter behandling, og sjølvsagt fått litt meir energi. Kva gjer vi då, jau vi durar på med alt som har hopa seg opp, og sjølvsagt blir søvn og energi heilt på botnen igjen? Det er då eg tek meg tid til å snakke litt om kontoane våra. Ein forklaringsmodell som rett og slett er veldig god! I

kinesisk medisin seier vi at vi har tre kontoar; ein Arvekonto frå våre foreldre ? vår genetiske arv. Den er heilt individuell og nokon av oss har vunne i Lotto og fått utdelt mykje bra her, ikkje minst evna til å yte mykje over lang tid. Andre har ikkje fått så sterk arv og dreg lettare på seg sjukdom og belastningar. Dei fleste av oss ligg ein plass midt i mellom, og alle har vi fått svakeheiter og styrkar med oss. Det er lite vi kan gjere med denne kontoen, anna enn å forvalte den best mogleg.  

Den neste kontoen vår er Sparekontoen. Det er kontoen som du kan lagre energi og overskudd i når livet går på skinner og du har sjanse å ladde godt batteria. Den siste kontoen er Dagskontoen vår. Den blir bestemt av den mat og drikke du spis- kva energi du kan omsette det til,  kor godt du pustar, og kva du gjer den dagen, og natta.

Dersom du då over lang tid har ein kvardag som tek meir enn den gir så blir dagskontoen din for liten. Du må hente på sparekontoen for å klare dagen. Ikkje noko gale i det, så lenge dei  blir fyllt opp og samspelet mellom kontoane går fint. Problemet er når du  heile tida må ned å hente på denne kontoen. Det er då kroppen byrjar å gi frå seg små eller større symptom på at dette rotteracet ikkje er lurt.

Kva symptom som dukkar opp heng saman med kva som er dine svake sider. For nokon vil det kanskje vere kroppslige smerter, søvn, magetarm osv, for andre kanskje meir psykiske plager.  Tek vi då rev i segla og justerar dagane våre så går dette fint. Det er ikkje farleg å ha perioder i livet der du må gi full gass. Problemet kjem når du aldri slepp opp pedalen. Då må du til slutt ned på arvekontoen din. Kinesarane seier at den inneheld vår grunnleggande energi som vi skal fordele jamnt og trutt utover eit langt liv og som absolutt er høgast når vi er små. Den kontoen kan vi ikkje fylle opp. Brukt er brukt.

Fortset vi då med full gass så må vi som sagt ned hit for å hente energi for å klare kvardagen ? og då kjem smellen, før eller seinare. Kroppen har kanskje over lang tid prøvd å gi hint om at den treng å ladde også, utan at vi vil, eller har forstått det. Når det ikkje går så må den gi klarare teikn frå seg og kraftigare symptom kjem.  Totalt utslitt! Vi vil då trenge enndå lengre tid på å kome oss igjen. Det er alltid ei utfordring for pasienten å forstå det. Han eller ho vil no så gjerne tilbake i jobb og livet, kjappast mogleg! Å tenke litt etter denne modellen har hjelpt mange pasientar å sjå kva som har skjedd, og ikkje minst sjå at det vil ta tid å kome seg opp igjen. Ikkje minst må det ein kursendring til i kvardagen for at ein skal bli frisk.  Den vil vere individuell, men uansett handlar det om å finne meir ro, ta vekk ting, krav,  tankar og oppgåver frå kvardagen.  Finne balansen mellom yin og yang, ro og aktivitet.


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar