hits

Ofte urinveisinfeksjon? Akupunktur kan bryte sirkelen!

 



Skrevet av akupunktør Berte Holstad Engen - Ålesundsklinikken. Har klinikk i sentrum av Ålesund, og også klinikkdager i Hareid. 

Resistensutvikling av bakteriar har begynt å gjere seg gjeldande for alvor. Enkle og ukompliserte infeksjonar bør det i framtida ikkje foreskrivast antibiotika på. Helseminister Høie har eit mål om at forbruket skal ned med 30% forholdsvis raskt. Slik at vi har effektiv medisin for alvorlege infeksjonar, ved kirurgi og som livreddande behandling for premature, blant  anna.

Urinveisinfeksjon er ein gjengangar for mange. Infeksjonen er nesten alltid forårsaka av E.colibakterien. I nokon tilfeller er det umulig å påvise årsak, og då blir det ofte kalla irritert blære eller nervøs blære.  Kvinner har kortare urinrør enn menn og har derfor lettare for å få urinveisinfeksjon. Diagnosa blir stilt ved funn av bakteriar og evt. blod i urinen. Antibiotika hemmar bakterieveksten men gjer ingenting med kroppens eigen motstandskraft  og det fører dessverre ofte til at urinveisinfeksjonen raskt kjem tilbake igjen etter endt kur for mange.

Dette er kjempekjedeleg og gjer at mange kvinner har ein trasig kvardag med stadige symptom som hyppig vannlating, svie, smerter i magen og i verste fall, feber og generell uvel følelse. Samleie kan for mange vere ein triggerfaktor og gjere samliv trøblete. Det er ikkje akkurat pirrande å vite at smerter, ubehag og antibiotika blir med som nissen på lasset til stadigheit. Så kva gjer vi?

Vi må auke motstandskrafta vår! Vi må gjere den jobben antibiotikaen ikkje kan hjelpe oss med.  Eit fokus vestleg medisin har for lite av, men som er hovudfokus for austleg medisin.

Terje Alræk var ein av dei fyrste i Noreg som tok doktorgrad i akupunktur ved universitetet i Bergen. Han gjennomførte eit stort forskningsprosjekt på nettopp tilbakevendande urineveisinfeksjon hjå kvinner. Dei fekk 8 behandlingar over fire veker og blei følgt opp i månadane etter behandlingane var avslutta.  Dei fekk halvert plagene sine samanlikna med dei som ikkje fekk akupunktur. I tillegg viste forsøket at mange av dei  også fekk  redusert andre plager. Dei rapporterte betre mage og tarm, meir energi, bedre søvn, mindre stressfølelse, mindre hovudpine og reduserte smerter i muskel/skjelett. Ikkje verst etter 8 behandlingar:)

Tranebær inneheld stoff som lammar bakteriane og gjer det vanskeleg for dei å halde seg fast i blæreveggane. Fåast på apotek og helsekost. Blåbær og tyttebær inneheld ein del av same stoffa og kan med glede brukast i gode mengder i  eit godt kosthald.  C-vitamin surgjer urinen og hindrar slik bakterieveksten, 250-1000 mg daglig. Silisium er eit viktig mineral for ei normal slimhinne i urinveiane, fåast på helsekost. Te med kjerringrokk  - inneheld mykje silisium,  styrkar blærveggane og verkar urindrivande. Bruk 1 ts til 2 dl kokande vatn, trekkast og drikk. Spis sunt og mat med mykje antioksidantar slik at vi generelt styrkar immunforsvaret vårt.

Gode råd som er kjent for mange; unngå å fryse på baken og beina, vannlating rett etter samleie, god intimhygiene og drikke rikeleg med væske.

Akupunktur er ei god og veldokumentert behandlingsform for gjentatte urinveisinfeksjonar!

Du finn meg på Hareid og i Ålesund. Ta kontakt om du har spørsmål:)

 





 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar