hits

Akupunktur i fødsel - ei anneleis historie

Dette er ei artige historie frå november 2013!



Akupunkturen inntok fødestuene for ein del år tilbake og har fått rotfeste der. Jordmødre står for behandlingane og mange fødande er godt fornøgde med dette utvida tilbodet. Det blir nytta bl.a for å stimulere til igangsetting av fødsel, få gode og effektive rier og som smertelindring.  Sidan eg ikkje er jordmor så er min kunnskap om denne delen av akupunkturen temmeleg teoretisk.

Men den svangre tispa vår, Zita, ville det anneleis forrige veke. Natt til fredag gjekk vatnet hennar og ho var i god form. Retningslinjene er at første kvalp bør kome innan to timar etter vannavgang.  Timane gjekk og veeane hennar var tydelege men ingen kvalp kom. Vi kontakta veterinær og han syntest at ho nærma seg grensa for om vi burde ta turen over fjorden for mogleg keisarsnitt.

Gode råd var dyre og eg leita fram både kunnskap og nåler. Keisarsnitt var lite fristande! Eg sette to akupunkturpunkt og stimulerte nålene godt.  Ganskeraskt såg vi at riene blei kraftigare og jamnare og etter nøyaktig femten laaange minutt kom førstemann! Då var det jubel i stua. Ein flott og stor hannkvalp. Zita vaska, navla og styra flott med han og vi pusta letta ut.

Det vanlege er at det går ca. 30-60 minutt mellom kvar kvalp og det bør ikkje gå meir enn to timar mellom. Det gjekk ikkje mange minutta før Zita igjen hadde vear og vi venta i spenning. Då blei det action! I løpet av dei neste 90 minutta kom det seks kvalpar til, alle levande og flotte.  Etter ei litt lengre pause var veane på plass igjen og vi forstod at fleire var på vei. Men så gjekk tida og ingen kom. Ny kontakt med veterinær og ny «deadline» for tur til Ålesund. Eg tok fatt på ny akupunkturbehandling, same punkta som tidlegare. Etter ti minutt kom det ny kvalp og raskt ein til. Då var vi oppe i ni stk og tenkte at no var det gjort, men nye vear melde seg og etter ein del jobb (og litt nåler) kom dei to siste! Då var vi alle vel fornøgde og rekna oss som ferdige. 

Det gjekk ei lita stund der Zita styra med dei nyfødde og vi fekk litt oversikt over familia. Så melde det seg nye vear igjen! Skulle ho verkeleg få 12 eller fleire? Timane gjekk men det kom ikke nokon kvalp. Veterinæren anbefalte oss å ta turen over så dei kunne sjekke om nokon låg igjen,  eller om det kunne vere morkakerestar som gjorde veane. Zita elskar bilkøyring så det gjekk flott på turen over med den nye familia. Veterinæren kunne konstantere at alle kvalpane var komne og at det nok var ettervear ho hadde. Ho fekk litt smertestillande og antibiotika for å unngå infeksjon etter ein slik strabase  av ein fødsel. 

Dagane har gått og mor med dei 11 kvalpane har det berre fint. For meg  var det fantastisk spennande å sjå den umiddelbare effekten nålene hadde på riene.   Kanskje det hadde vore kjekt  for veterinærane  å ha dette ekstra hjelpemiddelet i verktøykassa si? 



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar